Tildelingar frå SØK-stiftinga 2025

SØK-stiftinga deler ut 2,7 millionar kroner til 64 lokale tiltak
Styret i SØK-stiftinga har vedteke årets tildeling på 2,72 millionar kroner til 64 ulike tiltak frå 52 lag og organisasjonar i Ølen, Ølensvåg, Vikebygd, Bjoa, Skånevik og Åkrafjorden. I årets søknadsrunde kom det inn 73 søknadar frå 58 lag og organisasjonar, og støtta blir nå fordelt på alt frå store bygdeutviklingsprosjekt til barne- og ungdomsarbeid, drift av forsamlingshus og kulturarv.

– Me er stolte av å sjå den store aktiviteten og det sterke engasjementet i alle bygdene. Årets søknadar viser eit mangfald av gode initiativ som bidreg til å utvikla lokalsamfunna våre vidare. Frå fotballhall og steintrapp til opprusting av forsamlingshus og støtte til hundrevis av barn og unge i idrett og kultur – det er dette som skapar levande bygder, seier styreleiar Gunnar Dalen i SØK-stiftinga.

Fire store bygdeutviklingsprosjekt

Årets største enkelttildelingar går til konkrete bygdeutviklingsprosjekt som vil setja synlege spor i lokalsamfunna:


Ølen Idrettslag får 440 000 kroner til ferdigstilling av ny fotballhall. Dette blir ein milepåle for Ølen, og vil gi innandørs treningsmoglegheiter året rundt for fotballspelarar i alle aldrar. Hallen vil også kunna brukast til andre idrettar og arrangement.

Bjoa Bygdeutviklingslag får 210 000 kroner til vidareutvikling av Vedvikjo. Vedvikjo har utvikla seg til eit populært turområde og møteplass, og støtta vil bidra til vidare utvikling av området som eit viktig rekreasjonsområde for både lokalbefolkning og besøkande.

Langfosstien Venelag får 125 000 kroner til vidareføring av steintrappen langs Langfoss. Etter den vellukka arbeidet med bygging av steintrapp i 2024 og 2025, held arbeidet fram med å gjera den populære turstien tryggare og meir tilgjengeleg for alle som vil oppleva Langfoss på nært hald.


Idrettslaget Gro får 100 000 kroner til LED-lys i Grohallen. Utskifting til moderne LED-lys vil gi betre lysforhold og redusera energiforbruket betydeleg.

Grendelaga – grunnpilaren i bygdeutviklinga
Dei seks grendelaga og bygdeutviklingslaga i SØK-området får til saman 1,1 millionar kroner som dei kan nytta til bygdeutvikling og andre allmennyttige tiltak. Grendelaga er viktige utviklingspartnarar for SØK-stiftinga og hovudkontakten i kvar bygd.

• Skånevik Bygdeutviklingslag får 330 000 kroner
• Ølen Grendautval får 220 000 kroner
• Ølensvåg Grendeutval får 220 000 kroner
• Bjoa Bygdeutviklingslag får 110 000 kroner
• Vikebygd Grendautval får 110 000 kroner
• Åkrafjorden Landskapspark får 110 000 kroner

Systematisk støtte til drift og oppvekstmiljø

Ein viktig del av stiftinga sin innsats er den systematiske støtta til drift av forsamlingshus og anlegg, og til barne- og ungdomsarbeid i heile SØK-området.

425 000 kroner i driftsstøtte går til 26 forsamlingshus og anlegg – frå Ølen Kulturhus SA som får 75 000 kroner, til Skånevik Kultur- og idrettshall SA som får 60 000 kroner, til mindre forsamlingshus og bedehus som får mellom 5 000 og 40 000 kroner. Denne støtta er avgjerande for å halda desse viktige møteplassane i god stand.

231 250 kroner til barne- og ungdomsarbeid blir fordelt på 22 lag med til saman 925 medlemmar under 16 år. Laga får 250 kroner per aktiv deltakar. Ølen Idrettslag er største mottakar med 68 250 kroner for 273 barn og unge, medan Vikebygd Idrettslag får 21 000 kroner for 84 unge medlemmar. Skånevik Idrettslag får 24 250 kroner for 97 barn og unge.

– Denne støtta er med på å gje barn og unge gode fritidstilbod nær der dei bur. Det betyr mykje for oppvekstmiljøet i bygdene våre, understrekar Dalen.

Kulturarv og lokalhistorie

90 000 kroner blir fordelt til fem prosjekt innan kulturarv og sogelagsarbeid. Bjoa Bygdeutviklingslag får 20 000 kroner til arbeid med Kolerakyrkjegarden, Romsa Kystlag får 20 000 kroner til gapahuk på Romsa, Stiftelsen Norsk Motormuseum får 20 000 kroner til drift og vedlikehald, Vennelaget Elmina får 20 000 kroner til båtopphald ved Fartøyvernsenteret, og Ølen og Bjoa Historielag får 10 000 kroner til vedlikehald av eigedomar og ulike aktivitetar.

God spreiing mellom bygdene

Årets tildeling viser god geografisk spreiing mellom alle bygdene i SØK-området, med prosjekt og aktivitetar frå Åkrafjorden i nord til Vikebygd i sør. Stiftinga legg vekt på at støtta skal koma heile området til gode, og at det er aktivitet og engasjement i alle bygdene.

– Me ser tydeleg at det er stor aktivitet og mange gode initiativ i alle bygdene våre. Det er nettopp dette mangfaldet og engasjementet som gjer SØK-området til ein god stad å bu og veksa opp, seier Dalen