Tildelingar frå SØK-stiftinga 2022


Rekordtildeling frå SØK-stiftinga
 
Det kom inn svært mange søknadar til SØK-stiftinga og langt fleire enn tidlegare år. SØK-stiftinga er ei vidareføring av tildelingane som tidlegare blei gjort av SØK AS.

Levande bygder og gode oppvekstmiljø i SØK-området er viktig for SØK-stiftinga, og derfor deler me i desse dagar ut 2 449 600 kroner til lokale utviklingstiltak og allmennyttige formål i Ølen, Ølensvåg, Vikebygd, Bjoa, Skånevik og Åkrafjorden, seier nestleiar Maren Tungesvik Tveiten i SØK-stiftinga.

Stiftinga får årleg utbetalt ei rente på 2,7 mill. frå SØK AS og av desse pengane blir det årleg delt ut gåver som kjem bygdene til gode. Styret fastsette ramma for årets utdeling til 2,5 mill. kr, og det meste av dette vart disponert i denne ordinære utdelinga.

Pengar til lokale tiltak
Midlane som snart er på veg, blir fordelte på 60 ulike organisasjonar og tiltak, og spenner frå 1 250,- kroner til 270 000 som største bidrag. Det har aldri vore så mange søknadar som i år, 86 i alt.

Nytt av året var ein ny pott på 900 000 som støtte til andre bygdeutviklingslag. Det er stor aktivitet rundt i bygdene og det blei søkt om støtte til mange gode prosjekt. Vågen Bedehus får det største tilskotet på 200 000, medan spennet elles er frå 5 000 og oppover til 150 000.

Til føremålet bygde- og næringsutvikling blir det delt ut 900 000 kroner i alt, og av desse vil Skånevik Bygdeutviklingslag få 270 000, grendeutvala i Ølen og Ølensvåg får 180 000 kvar, medan Skånevik, Bjoa og Åkrafjorden får 90 000 kvar.

Støtta til anlegg og forsamlingshus er på 340 000 i alt, der Skånevik kultur- og idrettshall og Ølen kulturhus får dei største enkelttilskota på 50 000 kvar.

Støtte til Barne- og ungdomsarbeid er viktig for SØK-stiftinga, og av denne potten får til dømes Skånevik Skyttarlag 6 250 og Bjoa Idrettslag 22 250. Kulturarv og sogelagsarbeid har fem tildelingar: Største tildeling går til Ølen og Bjoa Sogelag som får 20 000.

Maren Tungesvik Tveiten
nestleiar i SØK-stiftinga