Vedtekter for «SØK-stiftinga for allmennyttige og liknande føremål i SØK-området»

Vedtatt på generalforsamlinga i SØK AS 30.8.2021
§ 1 Namn og forretningskontor
Stiftinga heiter «SØK-stiftinga for allmennyttige og liknande føremål i SØK-området». Stiftinga si adresse er i Vindafjord kommune. SØK-området tilsvarer konsesjonsområdet til tidlegare Skånevik Ølen Kraftlag SA, nærare bestemt bygdene Vikebygd, Bjoa, Ølensvåg, Ølen, Skånevik og bygdelaga inst i Åkrafjorden.
§ 2 Føremål
Stiftinga skal forvalta kapitalen på ein føremålstenleg måte med tanke på langsiktig verdiauke av kapitalen i stiftinga, risikospreiing, likviditet og avkastning.

Stiftinga skal vidareføra stiftaren Skånevik Ølen Kraftlag AS sin funksjon som støttespelar for ulike allmennyttige og liknande føremål i SØK-området, og støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar, samt fremja allmennyttige og liknande føremål til beste for innbyggjarane i SØK-området. Stiftinga kan også samarbeida med og gi støtte til andre aktørar som driv bygde- og næringsutvikling.
§ 3 Stiftinga sin grunnkapital
Stiftinga er etablert med ein grunnkapital på NOK 1 000 000, som stiftinga blei tilført ved etablering av stiftinga.
§ 4 Styringsorgana i stiftinga
Stiftinga skal ha årsmøte, styre og valnemnd.
§ 5 Årsmøtet - samansetjing
Årsmøtet er samansett av 15 representantar frå grendelaga eller tilsvarande organisasjonar frå dei 6 bygdene i SØK-området: Vikebygd, Bjoa, Ølensvåg, Ølen, Skånevik og Åkrafjorden. I tillegg kan Vindafjord Kommune delta med 3 representantar og Etne Kommune med 2 representantar

Grendelaga er ansvarlege for å gjennomføra valet av representantar til årsmøtet i stiftinga. Vikebygd, Bjoa og Åkrafjorden vel to representantar kvar, Ølensvåg, Ølen og Skånevik vel tre representantar kvar. Grendelaga står fritt til også å velja evt. vararepresentantar til årsmøtet.

Representantane og evt. vararepresentantar til årsmøtet blir valde for 2 år. Stiftinga må få melding om vala innan utgangen av april.

Årsmøtet vel sjølv leiar og nestleiar ved opning av årsmøtet.
§ 6 Årsmøtet – saker og dagsorden
Årsmøtet skal haldast innan 1. juli kvart år, første gong i 2022.

Årsmøtet skal haldast annakvart år i Gamle Ølen kommune og Gamle Skånevik kommune. På vanleg årsmøte skal følgjande saker handsamast av årsmøtet:
1. Drøfta drifta i stiftinga og avgi uttale om årsmeldinga og årsrekneskapen for stiftinga
2. Val av revisor og fastsetja godtgjersle til revisor
3. Fastsetja evt. godtgjersle til tillitsvalde
4. Val av medlemmer og varamedlemmer til styret
5. Val av valnemnd
6. Andre saker som etter lova eller vedtektene høyrer inn under årsmøtet for å førebu saker, gi råd i eller avgjera saker.

Årsmøtet blir kalla inn av styret. Innkalling og sakspapir må sendast seinast 14 dagar før årsmøtet, og kan sendast elektronisk. Ved kjent forfall blir evt. vararepresentantar kalla inn. Innkallinga skal innehalda tid og stad for møtet og sakliste for møtet. Ein representant til årsmøtet har rett til å reisa sak på årsmøtet når styret har fått skriftleg melding om dette seinast ei veke før fastsett møtedato. Då skal oppdatert innkalling og sakliste sendast ut.

Kvar representant har ei stemme i årsmøtet. Vedtak kan gjerast med vanleg fleirtal av avgjevne stemmer om ikkje anna er bestemt i lov eller vedtekter. Årsmøtet er vedtaksført når minst halvparten av representantane er til stades.

Styret kan vedta å kalla inn til ekstraordinært årsmøte. Styret skal kalla inn til ekstraordinært årsmøte når revisor eller minst 2 representantar i årsmøtet krev det for å få tatt opp ei konkret sak. Innkalling til ekstraordinært årsmøte skal kunngjerast seinast 7 dagar før slikt årsmøte, om ikkje gjeldande lovgjeving tilseier lengre frist.

Vedtak om oppløysing av stiftinga og om å endra vedtektene skal gjerast av årsmøtet etter forslag frå styret, jf. stiftelseslova § 48. Vedtak om oppløysing og endring av føremålsparagrafen krev tilslutning frå alle som deltar i årsmøtet, medan andre endringar av vedtektene krev 2/3 fleirtal av dei som deltar i møtet.

Styrets medlemmer har møterett på årsmøtet, og styreleiar har møteplikt. Det skal førast møtebok frå møtet, og denne skal underskrivast av møteleiaren og ein medunderteiknar som årsmøtet peikar ut ved opninga av møtet.

§ 7 Styret
Stiftinga skal ha eit styre på 5 medlemmer og 2 varamedlemmer. 3 av styremedlemmene skal vera frå Gamle Ølen kommune og 2 frå Gamle Skånevik.

Styremedlemmene, varamedlemmene samt styreleiar og nestleiar skal veljast av årsmøtet for to år om gongen. I første valperiode skal halvparten veljast for eitt år. 
Utover omsynet til den geografiske samansetjinga er det ingen reglar for kvotering eller attval.

Styret skal leia stiftinga i samsvar med vedtektene for stiftinga og gjeldande lovverk. Styret skal arbeida for å gjennomføra føremåla for stiftinga og vedtak gjort på årsmøtet.
§ 8 Forvaltninga av kapitalen i stiftinga
Styret forvaltar midlane i stiftinga eller fastset retningslinjer for dette. Styret skal rapportera korleis midlane i stiftinga blir forvalta i årsmeldinga kvart år. Styret skal sikra at stiftinga sine midlar blir forvalta i tråd med føremålet for stiftinga i § 2 og at stiftinga heile tida blir driven i samsvar med gjeldande lov og stiftinga sine vedtekter.
§ 9 Disponering av midlane i stiftinga
Tildeling av gåver og støtte skal vedtakast av styret og skal vera i samsvar med stiftinga sine føremål og reglane nedanfor. I samsvar med § 2 skal stiftinga vidareføra Skånevik Ølen Kraftlag AS sin funksjon som støttespelar for ulike allmennyttige og liknande føremål i SØK-området. Stiftinga kan som ein del av denne funksjonen samarbeida med andre om bygde- og næringsutvikling.

Stiftinga skal støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar, samt fremja allmennyttige føremål til beste for innbyggjarane i SØK-området. Stiftaren sin ambisjon er at stiftinga skal vidareføra SØK AS sitt støtteomfang og fordeling til ulike støtteføremål i åra før etablering av stiftinga.

Styret skal følgja desse reglane ved tildeling av støtte:
- Støtte til anlegg og forsamlingshus skal tildelast etter søknad og basert på aktiviteten og storleiken på anlegget / forsamlingshuset.
- Støtte til barne- og ungdomsarbeid for barn skal tildelast etter søknad basert på antal aktive medlemmer under 16 år i lag / organisasjonar.
- Støtte til bygde- og næringsutvikling skal tildelast etter søknad og med 60 % til Gamle Ølen Kommune og 40 % Gamle Skånevik Kommune. Fordelinga på bygdenivå skal følgja følgjande prosentsats for kvar bygd: Vikebygd, Bjoa og Åkrafjorden med 10 % kvar, Ølen og Ølensvåg med 20 % kvar og Skånevik med 30 %. For å støtta opp om større prosjekt kan ein avvika frå denne fordelinga i den årlege støtta, men fordelinga skal gjelda for samla støtte over ein periode på 5 år. Denne fordelinga skal vurderast på nytt kvart tiande år.
- Støtte til kulturarvprosjekt og andre føremål skal tildelast etter søknad basert på konkrete planar.
- Støtte til store prosjekt som ikkje kan dekkast av årsresultatet, skal styret leggja fram for årsmøtet til uttale.
- Samla årleg støtte skal ikkje overstiga to gonger årsresultatet.

Styret skal setja som vilkår for støtte at dei som blir tildelt midlar skal rapportera bruken av mottekne midlar og leggja fram rekneskap og årsmelding som stadfester at bruken av midlane er i samsvar med søknaden. Stiftinga skal leggja opp til at søknadsprosessen og rapporteringa skjer elektronisk på stiftinga si heimeside.
§ 10 Representasjon
Styreleiaren og ein av styrets medlemmer i fellesskap teiknar firma for stiftinga. Styret kan gi prokura og spesielle fullmakter.
§ 11 Valnemnd
Årsmøtet skal velja ei valnemnd av tre medlemmer for tre år, og slik at ein av medlemmene står på val kvart år. Årsmøtet vel leiaren i valnemnda. Valnemnda skal førebu val av styret og val av valnemnd og gi innstilling om evt. godtgjersle til tillitsvalde.
§ 12 Avvikling av stiftinga og utdeling av restkapitalen
Ved oppløysing av stiftinga skal restkapitalen i stiftinga gå til å fremja allmennyttige og liknande føremål i SØK-området basert på ei bygdevis fordeling i samsvar med § 9.

Søknadsrunden er avslutta

SØK Stiftinga har fullført årets søknadsrunde til gode formål for vidare utvikling av bygdene i det gamle Skånevik Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde.
Ny runde i 2022. 

Kontakt

SØK Stiftinga

Ein lokal støttespelar for friviljuge lag, organisasjonar, bygde- og næringsutvikling i gamle Skånevil Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde.
© SØK Stiftinga