Tildelingar frå SØK Stiftinga

Den nye SØK-stiftinga har nå gjort si første tildeling, stiftinga som skal gi pengar til gode formål i SØK-bygdene dei neste 500 åra, minst. Dette er ei vidareføring av tildelingane som tidlegare blei gjort av SØK AS.
Levande bygder og gode oppvekstmiljø i SØK-området er viktig for SØK-stiftinga, og derfor deler me i desse dagar ut 1 539 000 kroner til lokale utviklingstiltak og allmennyttige formål i Ølen, Ølensvåg, Vikebygd, Bjoa, Skånevik og Åkrafjorden, seier styreleiar Gunnar Dalen i SØK-stiftinga.
Stiftinga får årleg utbetalt ei rente på 2,7 mill. frå SØK AS og av desse pengane vil det årleg bli delt ut gåver som kjem bygdene til gode. Styret fastsette ramma for årets utdeling til 2,5 mill. kr, og vel 1,5 mill. kr av dette vart disponerte i denne ordinære utdelinga.

Pengar til lokale tiltak
Midlane som snart er på veg, blir fordelte på 57 ulike organisasjonar og tiltak, og spenner frå 1500,- kroner til 270 000 som største bidrag. Det har aldri vore så mange søknadar som i år.

Til føremålet bygde- og næringsutvikling blir det delt ut 900 000 kroner i alt, og av desse vil Skånevik Bygdeutviklingslag få 270 000, grendeutvala i Ølen og Ølensvåg får 180 000 kvar, medan Skånevik, Bjoa og Åkrafjorden får 90 000 kvar.

Støtta til anlegg og forsamlingshus er på 355 000 i alt, der Skånevik kultur- og idrettshall og Ølen kulturhus får dei største enkelttilskota på 60 000 kvar.

Støtte til Barne- og ungdomsarbeid er viktig for SØK-stiftinga, og av denne potten får til dømes Skånevikspeidarane 12 750 og Ølen Idrettslag 87 000. Kulturarv og sogelagsarbeid har fem tildelingar: Største tildeling går til Ølen og Bjoa Sogelag som får 20 000.

Gunnar Dalen 
styreleiar i SØK-stiftinga

Søknadsrunden er avslutta

SØK Stiftinga har fullført årets søknadsrunde til gode formål for vidare utvikling av bygdene i det gamle Skånevik Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde.
Ny runde i 2022. 

Kontakt

SØK Stiftinga

Ein lokal støttespelar for friviljuge lag, organisasjonar, bygde- og næringsutvikling i gamle Skånevil Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde.
© SØK Stiftinga