Ein lokal støttespelar for friviljuge lag, organisasjonar, bygde- og næringsutvikling.

SØK Stiftinga er ein lokal bidragsytar som ynskjer å styrka lokal bygde- og næringsutviklingsprosjekt, gjennom støtte til lokale føremål i konsesjonsområdet.
Kvart år tildeler SØK Stiftinga midlar til lokale prosjekt og aktørar som driv med friviljug arbeid, både for born, ungdom og vaksne. 

SØK-stiftinga støttar lokale tiltak med 3,0 millionar kroner 

I På styremøtet den 12. november vedtok SØK-stiftinga å støtte lokale tiltak i SØK-området med 3,0 millionar kroner for 2024. I årets søknadsrunde kom det inn 74 søknadar frå 57 lag og organisasjonar, og støtta vil bidra til eit variert fritidstilbod og aktivitetar for alle aldersgrupper i SØK-bygdene.

Det er verdt å nemna at støtta frå SØK-stiftinga er ei vidareføring av den årlege støtta til allmennyttige tiltak som SØK AS stod for fram til 2021. Etter 2021 har SØK AS betalt ei årleg rente til Stiftinga på 2,7 millionar kr i tillegg til aksjeutbyte til eigarar av SØK-aksjar, i 2024 på 15,3 millionar kr.

Renteinntektene frå SØK AS gjer det mogleg å dele ut gåver som kjem bygdene til gode, og styret sette i år tildelingsramma til 3,0 millionar kroner som er litt høgare enn dei årlege renteinntektene som stiftinga mottar.

Søknadsrunden 2025

Årets søknadsrunde for SØK Stiftinga blir i perioden 15.9. - 15.10.2025. Me håpar på mange gode søknadar til gode formål for vidare utvikling av bygdene i det gamle Skånevik Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde.
 

Kontakt

SØK Stiftinga

Ein lokal støttespelar for friviljuge lag, organisasjonar, bygde- og næringsutvikling i gamle Skånevil Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde.
© SØK Stiftinga