Utdeling av støtte skal skje årleg når inntektene til Stiftinga tillèt det. Søknadsskjema for støtte skal vera tilgjengeleg på SØK si nettside i god tid før den årlege søknadsfristen, som Styret fastset.
Søknader skal leverast på nettsida, og søkjarane skal leggja ved følgjande dokumentasjon:
- Omtale av søknaden
- Rekneskap og årsmelding for siste kalenderår
- Aktiviteten i laget / prosjektet siste kalenderår
- Liste over betalande medlemmer i laget, når dette er relevant
- Synleggjering av støtte frå SØK-stiftinga, når dette er relevant
Ved handsaming av søknadane skal det leggjast opp til å nytta følgjande reglar:
- Styret grovfordeler den årlege ramma til ulike føremål i samsvar med punkt 3, 4 og 5 ovanfor
- Tildeling til dei ulike føremåla blir deretter fordelt innanfor dei fastsette rammene basert på mottekne rapportar og søknader
- Fordeling til bygde- og næringsutvikling med om lag 50 % til grendelag og 50 % til andre tiltak
- Fordeling til drift av anlegg og forsamlingshus med grunnlag i kapasitet / storleik
- Fordeling til kvart lag / organisasjon med ein lik sum per betalande medlem under 16 år
- Til lag med liten aktivitet (mindre enn 6 arrangement i året) kan det gjerast avkorting i støtta med inntil 50 % ut frå regelen om lik sum per betalande medlem
- Fordeling til sogelag / kulturarvsarbeid med grunnlag i aktivitetsplan og budsjett
- Til søkjarar som ikkje oppfyller vilkåra til søknaden, ikkje rapporterer bruk av tidlegare støtte eller ikkje møter på kontaktmøte, kan det gjerast avkorting i støtta med inntil 50 % ut frå reglane ovanfor