Ramme og retningslinjer for tildeling av støtte i 2023

Dei «Generelle retningslinjene for tildeling av støtte frå Stiftinga», sist revidert 6. sept. 2022, byggjer på vedtektene i Stiftinga, på stiftingsdokumentet og andre ambisjonar for Stiftinga som Stiftaren, SØK AS, har nedfelt i saksframlegg og vedtak i Generalforsamlinga den 30. august 2021. I samsvar med punkt 5 i dei generelle retningslinjene, skal Styret i Stiftinga kvart år fastsetja ramme for årets tildeling og detaljerte reglar og vilkår for støtte.

1. Ramme for tildeling av støtte frå Stiftinga i 2023

I saksframlegget til Generalforsamlinga i SØK AS i 2021 vart det lagt til grunn at Stiftinga skulle tilførast ein kapital som gjorde det mogleg for Stiftinga å vidareføra eit støtteomfang på om lag 2,5 mill. kr årleg (2017 kroner). Det faktiske omfanget av støtte dei tre siste åra før omdanninga var på 1,9 mill. kr i 2018, 2,4 mill. kr i 2019 og 2,7 mill. kr i 2020. Basert på Stiftaren sine uttrykte ambisjonar og Stiftaren sine faktiske tildelingar i åra før omdanninga, vil ei «vidareføring av den årlege tildelinga» tilseia ei ramme på inntil 2,5 mill. kr (2017 – kr).
Styret i Stiftinga vil innanfor denne årlege ramma disponera Stiftinga sine inntekter og kapital på ein måte som tillèt fleksibilitet mellom år, men som følgjer det fastsette ramme-gjennomsnittet over 5 år. Styret legg vidare til grunn at tildeling av støtte skal skje årleg når inntektene til Stiftinga tillèt det, og dermed også i 2023.

Vedtak: Styret fastset ramma for tildeling av støtte i 2023 til 2,5 mill. kr.

2. Retningslinjer og vilkår for tildeling av støtte i 2023

Styret legg opp til å nytta følgjande retningslinjer for tildeling av støtte i 2023: 
- Samla støtte til bygde- og næringsutvikling (A + B) skal vidareførast på same nivå som i 2022 og fordelast med 50 % til grendelaga (A) og 50 % til Andre bygdeutviklingstiltak (B)

- Under føremål B kan det gjevast støtte til større prosjekt som grendelaga normalt ikkje kan løysa åleine. Som ein peikepinn for søkjarar vil styret for 2023 setja ei grense mellom små og store prosjekt på 400 000 kr i prosjektkostnad (inkl. dugnad og mva), eller når søknaden om støtte er på over 100 000 kr. Søknad om støtte til store prosjekt skal innehalda prosjektomtale, finansieringsplan og framdriftsplan. Stiftinga kan kalla inn søkjarar for å presentera prosjektet. Stiftinga kan vidare spørja grendelaga om ei vurdering / prioritering av store prosjektsøknadar frå bygda.

- Under føremål B kan det også gjevast støtte til prosjekt / aktivitet som vil tilby organisasjonsutvikling til lag og organisasjonar (praktisk styrearbeid, lagsdrift, rekruttering, leiartrening m.m.)

- Støtte til drift av anlegg og forsamlingshus (C) skal fordelast med grunnlag i kapasitet / storleik.

- Støtte til barne- og ungdomsarbeid (D) skal fordelast med ein lik sum per aktiv medlem under 16 år. Til lag med liten aktivitet (mindre enn 6 arrangement i året) kan det gjerast avkorting i støtta med inntil 50 % ut frå regelen om lik sum per aktiv medlem.

- Støtte til sogelag / kulturarvsarbeid (E) skal fordelast med grunnlag i aktivitetsplan og / eller prosjektbudsjett. For større prosjekt er det mogeleg å søkje under føremål B.

Tildelinga innanfor dei ulike føremåla blir gjennomført basert på den grovfordelte ramma og dei mottekne rapportar og søknader. Søknadsskjema for støtte skal vera tilgjengeleg i søknadsportalen på SØK si nettside i heile søknadsperioden, som Styret har fastsett til 15. september – 15. oktober i år. Søknader skal leverast i søknadsportalen på nettsida. Det er mogeleg for ein søkjar å søkja på fleire føremål (A-E), men søknadane må då delast opp slik at det blir sendt inn ein søknad for kvart føremål. Det er ikkje mogeleg å søkje meir enn ein gong for same prosjekt.

Søkjarane skal leggja ved følgjande dokumentasjon:
- Omtale av søknaden
- Rekneskap og årsmelding for siste kalenderår
- Aktiviteten i laget / prosjektet siste kalenderår
- Liste over aktive medlemmer i laget, når dette er relevant
- Synleggjering av støtte frå SØK-stiftinga, når dette er relevant

Når søkjaren er ein organisasjon, lag eller liknande må søkjaren dokumentera at det er halde årsmøte med val og årsmelding med rekneskap som viser korleis støtta frå SØK er brukt.

Til søkjarar som ikkje oppfyller alle vilkåra for tildeling av støtte, ikkje rapporterer bruk av tidlegare støtte eller ikkje møter på kontaktmøte, kan det gjerast heil eller delvis avkorting i støtta.

Støtte til føremål A, C, D og E blir utbetalt etter at styret har gjort vedtak om tildelinga i november 2023. Støtte til større prosjekt under føremål B blir utbetalt i tre deler, 25 % når prosjektet har starta, 25% når prosjektet er kome halvvegs og resten etter at Stiftinga har mottatt sluttrapport med rekneskap. Prosjektet må vera starta opp seinast innan 1 år etter tildelingsvedtaket og gjennomføringsfristen er maksimalt 2 år frå oppstart. Søknad om forlenging av fristane for oppstart og/eller gjennomføring må sendast før fristen går ut.

Vedtak: Styret legg reglane og vilkåra ovanfor til grunn ved tildeling av støtte i 2023

3. Grovfordeling av støtta frå Stiftinga i 2023

Vedtak: Ut frå dei «Generelle retningslinjene for tildeling av støtte frå Stiftinga», vedtar Styret følgjande grovfordeling for tildeling av støtte for 2023 (faktisk 2022 - tildeling i parentes):

         Føremål                                                                                                              2023                                    2022
          A. Tilskot til grendelag / bygdeutviklingslag                  kr               900 000                             (900 000)
          B. Støtte til andre bygdeutviklingstiltak                          kr               900 000                             (900 000)
          C. Støtte til drift av anlegg og forsamlingshus              kr                350 000                            (340 000)
          D. Støtte til barne- og ungdomsarbeid                             kr                210 000                            (234 600)
          E. Støtte til kulturarv og sogelagsarbeid                         kr                  70 000                               (70 000)
          F. Reserve                                                                                   kr                  70 000
              Ramme for fordeling                                                          kr            2 500 000                       (2 444 600)

Endeleg tildeling blir gjort i styremøte i SØK-stiftinga etter at søknadsrunden 2023 er avslutta.
Fastsett av Styret 5. september 2023.

Søknadsrunden 2024

Årets søknadsrunde for SØK Stiftinga blir i perioden 15.9. - 15.10.2024. Me håpar på mange gode søknadar til gode formål for vidare utvikling av bygdene i det gamle Skånevik Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde.
 

Kontakt

SØK Stiftinga

Ein lokal støttespelar for friviljuge lag, organisasjonar, bygde- og næringsutvikling i gamle Skånevil Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde.
© SØK Stiftinga